Folkestien
Om lag 500 m frå Lervik gard ligg ei lett tilgjengeleg trimløype, kalla Folkestien. Den er utarbeidd i samband med LHL og folkehelsa der ideen har vore å utarbeide ei mosjonsløype som kan nyttast av ei stor breidde av folket. Delar av løypa er tilrettelagt for rullestolbrukarar og barnevogn. Stien er ein god opparbeid grusveg i variert terreng som kan nyttast til både jogging og rolege rusleturar. Undervegs finn du fine rasteplassar der du kan kose deg med matpakken eller berre ta ein kvilepause. Gamle merkesteinar og informasjon om vegetasjon og gamle vikingfunn vil du finne på tavler etter kvart som du går rundt. Du kan variere mellom fire løyper der den lengste er 4 km. Stiane er godt merka. |
Storehesten
Meir enn noko anna er fjellet Storehesten det Bygstad er kjent for og folket svært stolte av. Med sine 1209 moh. er Storehesten noko av det mest augnefallande når du kjem til bygda. Sommaren 2006 vart det første motbakkelaupet,Storehesten Opp, arrangert. I samband med dette, vart traseen til toppen svært godt merka, og løypa lagt til dei lettaste partia i terrenget. Om du ynskjer, kan du køyre på bomveg dei første 3 km til Stølshaugane, frå her er området merka med turlaget sine T ’ar heilt til toppen. Frå Rytnetunet til toppen er det om lag 7 km. Storehesten er ein flott topptur som dei fleste i normal god form kan gjennomføre på ein dag med fint ver. Det er mogeleg for guida turar til toppen. |
Fossestien
Stien strekker seg 21 km frå Gaularfjellet til Viksdalen langs det varig verna Gaularvassdraget. På strekninga er det 14 større fossar og 7 vatn. Du får kjenne nærleik til elva, til stryk og fossar. Fotturen går på natursti i kupert skogsterreng i kanten av kulturmarka. Øvste delen går i fjellterreng, og passerar fleire stølar, nedste delen i eit variert kulturlandskap. Det er klopper og bruer og lagt ut steinar og trebrett over myrete område. Stien er godt merka og tilrettelagt med fleire markerte start og stoppunkt. Vel sjølv lengda på turen. Er veleigna for barnefamiliar. 3 mil frå Lervik Gard. |
Fløyen
Det er ikkje berre Bergen som har sin eigen Fløyen med flott utsikt, det har Bygstad også. Vi har riktig nok inga fløybane, men ein flott trase’ som gir god løn for strevet når du kjem på toppen. Fløyen ligg 651 moh, frå toppen får du eit nydeleg oversiktsbilete av Bygstad og mange av dei omkringliggande fjelltoppane. Ein flott stad å gå for å kunne orientere seg litt om kva Bygstad har å tilby av flotte turmogelegheiter. Frå toppen og vestover ser vi den vakre Dalsfjorden der den breier seg utover i retning Dale med Laukelandshesten i vestkant. Du ser det markerte smale Svesundet der Dalsfjorden svingar seg inn mot Vikja og Tønna som sentrum i Bygstad. Mot nord ser du framsida av Storehesten i all si bredde og dertil liggande stiar som fører deg dit. Har du tenkt å ta turen på Storhesten er det god turplanlegging å stå på Fløyen og kunne orientere seg om turen. I retning austover forbi Bringeland flyplass, kan du skimte Jostedalsbreen i det fjerne. Turen tek om lag 2 timar. Første del av turen er på grusveg. Det er ein forholdsvis bratt veg som er bygd i samband med Skyggeelva kraftverk. Dette er også ein bomveg som kan køyrast viss du ynskjer å korte ned på turen. Frå demninga til kraftverket og opp til Fløyen er det ein gåtur på rundt 30 minutt. Det er ei godt merka løype med bra stigning som får pusten opp, men undervegs er det også flotte utkikspunkt der det kan vere naturleg å legge inn ei kortare pause om du ynskjer dette. På toppen er det ein markert varde og ei panoramautsikt som løn for strevet. God tur!! |