Aurefiske i Gaula
Det gode aurefiske i den anadrome delen av Gaula, er ein godt bevart løyndom. Spesielt tidleg i sesongen, før laksen kjem til dei øvre delar av vassdraget, kan du oppleve eit svært godt storaurefiske. Vi hjelper til med å skaffe fiskekort og gode guidar. Avstand frå Lervik Gard: Mellom 7 og 15 km. Aurefiske i fjellvatn Ovanfor den anadrome delen av Gaula, kjem det fleire store fjellvatn der ein kan fiske både frå land og båt. Vatna er generelt næringsrike og har store og fine aurestammar. Vi hjelper til for kjøp av fiskekort og leige av båt. Avstand frå Lervik Gard: Til Hestadfjorden er det 20 km, til Viksdalsvatnet 30 km og Haukedalsvatnet 50 km. Fjordfiske Elva Gaula renn ut i Dalsfjorden, ein fjord som er om lag 4 mil lang. Her er det mogelegheiter for eit variert fjordfiske. Du møter eit vakkert fjordlandskap der prangande Storehesten og vakre Laukelandsfossen møter deg på vegen utover fjorden. Fjorden er ei stor oppleving i seg sjølv og vi anbefalar på det varmaste å ta turen. Vi tilbyr leige av båt for fjordfiske. |